- Kjenningssignal: LFND
- Hjemmehavn: Florø, Vestland
- Bygget: 1931
- Opprinnelig funksjon: Passasjerfartøy
- Lengde: 87,1'
- Bruttotonnasje: 103
- Vernet: 1996
- Nettside: atloy.no
MS «Atløy» vart bygd som byggnummer 216 ved Bergens Mek. Verkstad i 1931 for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.
Som lokal rutebåt vart den sett inn i kombinert passasjer- og godstransport og gjekk på dei fleste fjordane i fylket, men gjekk òg i rute mellom fylket og Bergen. «Atløy» gjekk i rutefart fram til 1974. Då vart fartøyet selt til private, og vart no hovudsakleg brukt som feriebåt under namnet «Latøy». Meir historie kan du lese på heimesida, nyhende og turar finn du på facebooksida M/S Atløy.
«Atløy» var opphavleg utstyrt med ein 120 Hk Bolinder semidiesel, som etter eit motorhavari i 1963 vart skifta ut med ein 300 Hk Wichmann som framleis tuslar og går.
I 1981 vart «Atløy» kjøpt attende til fylket av fartøyvernarar i Solund og Flora og restaurert hovudsakleg ved hjelp av dugnadsinnsats og Rettedalsmidlar. Fartøyet er eigd av Veteranbåtlaget Atløy, og vert driven av Atløys Venner som kvart år legg ned mellom 12 og 15 000 timar dugnad i drift og vedlikehald. Vedlikehald og restaurering vert dekte gjennom drifta, og gjennom støtte frå private, fylkeskommune, Riksantikvaren og Kulturminnefondet.
Me tek imot grasrotandel; Veteranbåtlag Atløy.
