Haugefisk

  • Kjennings­signal: LNGN
  • Hjemmehavn: Iglandsvik, Bremanger, Vestland
  • Bygget: 1978
  • Opprinnelig funksjon: Fiskefartøy
  • Lengde: 28,56m
  • Brutto­tonnasje: 329
  • Vernet: 2006

«Haugefisk» er bygd i 1978 ved H & E Nordtvedt skipsbyggeri på Fusa i Hordaland. Fartøyet vart brukt som havfiskefartøy med autoline frå 1978 til 2005 og er eitt av dei første fartøya som vart bygd for denne nye typen teknologi.

I 2005 vart fartøyet unnteke frå kondemnering. Fartøyet har ein forbrenningsmotor, Alpha seksylindra diesel på 660 hk. Det er ikkje gjort ombyggingar eller endringar på fartøyet. Nyare utstyr er fjerna, og fartøyet skal setjast i stand slik det var kring 1990.

Eigaren i dag er Musea i Sogn og Fjordane STI, men fartøyet vert operert av Kystmuseet i Sogn og Fjordane, som skal nytte det som museumsfartøy, til kulturformidling og undervisning. «Haugefisk» skal vere eit flytande kulturminne og er ein representant for den moderne fiskerihistoria i Noreg.

Vil du støtte arbeidet med «Haugefisk»?