- Kjenningssignal: LEYC
- Hjemmehavn: Kbam, Vestland
- Bygget: 1915
- Opprinnelig funksjon: Fiskefartøy
- Lengde: 14,55m
- Bruttotonnasje: 20
- Vernet: 1999
MK «Vikingen» blei bygd av fartøybyggjar Lars B. Hauge på Hatlestrand i Kvinnherad i 1915. Fartøyet var påbyrja som reisandebåt, men ferdiggjort som fiskebåt og kjøpt av Reinhard Horn m.fl. på Raudeberg i Vågsøy i Sogn og Fjordane. Partslaget dreiv fiske med garn og line på heile kysten frå Rogaland til Finnmark. Seinare gjekk dei meir over til snurpenot og snurrevad.
Som ny var «Vikingen» rigga som galeas, men hadde også ein 16 hk Volda-Hein semidieselmotor. I 1938 blei båten ombygd og fekk då høgare skrog, større styrehus og ein Samson-motor på 36 hestar.
I 1941 gjekk «Vikingen» til Shetland med seks mann. Flyktningane gjekk inn i marine og handelsflåte, medan båten blei overtatt av Nortraship og sett inn i fiske med utgangspunkt i Buckie på den skotske nordsjøkysten. Etter krigen overtok etterkvart sønene til dei opphavlege eigarane. Dei dreiv fiske fram til 1978 då dei sjølv var godt oppi åra. I 1979 blei «Vikingen» selt og hadde fleire ulike eigarar før den i 1986 blei kjøpt av elevar ved båtbyggjarskulen i Jondal. Då dei måtte gje seg overtok Hardanger Fartøyvernsenter prosjektet.
I 1999 var «Vikingen» ferdig istandsett. Båten var då tilbakeført til 1915- versjonen og utrusta med både semidiesel og rigg. «Vikingen» blir i dag driven av fartøyvernsenteret og har dei siste åra hatt løyve til å gå med inntil 12 passasjerar. Båten blir nytta av ungdomsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter.