Eydebåten

  • Hjemmehavn: Vinje, Telemark
  • Bygget: 1916
  • Opprinnelig funksjon: Fritidsbåt
  • Lengde: 9´

Eydebåten» er ein plattgatter bygd i 1916 ved AS Maritim i Kristiania (bygg nr. 141) på bestilling frå Norsk Hydro på Rjukan. Båten vart bygd i furu på eikeribber, med overbygg i mahogni, og vart nytta av Sam Eyde og Hydro til reiser på Møsvatn.

Fartøyet representerer ei viktig historie knytt til Rjukan-Notodden industriarv – industrireisinga og kraftutbygginga som i dag er del av verdsarven. Båten hadde opphavleg ikkje noko namn, men er i dag kjend som «Eydebåten».

I 1938 vart båten køyrd på eit skjer og fekk omfattande skadar. Etter ulukka vart han liggjande på land i mange år. Gjennom tida har båten hatt fleire eigarar. Hydro selde båten til kraftverksjefen på Frøystul, som seinare selde han vidare til familien Øyen. Sidan den gong har båten vore i familiens eige.

Trass i lang levetid har fartøyet vore lite endra. Overbygget vart fjerna, det vart montert vindskjerm, og motor og motorrom vart endra, men elles framstår båten som svært godt bevart og i god stand.

 I 2019 vart det bestilt ei tilstandsvurdering av fartøyet frå Hardanger Fartøyvernsenter. Samstundes vart det utarbeidd ein plan for restaurering og tilbakeføring av båten til mest mogleg opphavleg stand.

Telemark fylkeskommune gav tilskot til prosjektet over eige budsjett, og arbeidet starta opp i 2022. Restaureringa var kostnadsrekna til om lag 1,2 millionar kroner. Våren 2024 vart arbeidet med tilbakeføring og istandsetjing fullført.

Ein viktig del av prosjektet har vore arbeidet med å finne ein Regal 1918 10 hk-motor, tilsvarande den som truleg stod i båten ved levering i 1916. Etter omfattande arbeid lukkast det å få kjøpt ein slik motor frå Karmøy Råseglarlag.

Grunngjevinga for salet var at båt og motor høyrer saman som eit samla flytande kulturminne. Kjøpet vart finansiert med støtte frå fylkeskommunen og Vinje kommune.

Motor og drivlinje kom på plass, og 13. august 2025 vart «Eydebåten» frakta tilbake til Møsvatn.

Markering på Møsstrond – i august 2025 vart det arrangert ei stor markering på Møsstrond i samband med 10-årsjubileet for Rjukan-Notodden industriarv. Eigaren og inviterte gjester fekk då oppleve ein tur med den restaurerte «Eydebåten» på Møsvatn – attende i sitt rette element, meir enn hundre år etter at båten vart bygd.