Opplev Hardanger: Fjordseglas med «Mathilde», smak og historie

Start: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund fredag 10. juli kl. 16.

Slutt: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund 12. juli kl. 14.

Varigheit: 10. – 12. juli 2026.

Pris: kr. 12 900,- per person.
Begrensa plasser.

Hardangerjakta «Mathilde» vart bygd i Ølve i Hardanger i 1884. Skroget er i tre og både segl og tauverk er i naturfiber. Mathilde har eit sjøvant mannskap som står for tryggleik og trivsel om bord som er klare for å visa deg korleis ein seglar ei skute frå 1800-talet.

Aga sideri (etabl. 2018) er kjent for sin prisvinnande sider, laga med lokale råvarer. På turen vil du verte invitert inn på garden der sideren vert produsert og læra om prosessen frå treet til glaset.

Agatunet er eit autentisk mellomaldertun som gir deg innblikk i historia til regionen og rettshistoria til Noreg. Eit av høgdepunkta er Lagmannsstova, landet eldste rettslokale, bygd heilt tilbake i 1220.

Utne Hotel er Noregs eldste freda trehotell som kontinuerleg har vore i drift sidan 1722. Her skal du bu på eit av dei historiske romma og nyte ein 5-rettars middag laga på lokale råvarer.