Lørdag 13. juni 2026: Torgdagen 2026, D/S Stord I i rute heimatt frå Torgdagen og rundtur om Brattholmen tilbake til Bergen.

Torgdagsruta 13. juni 2026 for D/S Stord I går slik:
Morgontur frå Brattholmen og Skaganeset til Bergen.
D/S Stord I går heimattrute i år. Sjå billettar for heimatturar.
Heimatturen kan forlengjast til ein rundtur med avgang frå Bergen, Bryggen, kl. 15.00 om Brattholmen tilbake til Bergen. Turen tek ca. 2,5 timar og du får med deg Byfjorden og deler av hovudleia til innseglinga til Bergen.
Fin tur for å sjå Bergen frå sjøen!

På denne turen blir det musikalsk underhaldning ombord:
Vokalgruppa/oktetten Gubbekoret spelar gitar/fløyte og syng sjantiar og poplåtar.
…………
Arrangsjørane skriver på si nettside om Torgdagen:
Torgdagen i Bergen har sidan 1977 vore eit av Bergens største kulturarrangement. På Torgdagen kan du oppleva eit yrande folkeliv og dette er ein festdag for bymann og stril. Torgdagen er årviss og du vil finna kystkultur med gamle båtar, bymann og stril i gamle klede, bodar med sal av mat og andre varer, kåring av best restaurerte båt og antrekk.
……………….
Orienter deg om D/S Stord I:
Nettsida: www.stord1.no
Facebook: https://www.facebook.com/STORD1/
Instagram: https://www.instagram.com/stord_1/