Vestland fylkeskommune – tilskot til forvaltning og drift av verna fartøy – SAVOS

Fartøyvern er eit fagområde der frivillige, lag og organisasjonar tar på seg eit stort fagleg og økonomisk ansvar. Tilskotsordninga for forvaltning og drift er eit bidrag frå det offentlege til dette arbeidet.

Fartøy utgjer ein viktig del av den norske kulturarven, og Vestland er fylket med flest freda og verneverdige fartøy i landet. Målet med tilskotsordninga er å medverke til at verna og freda fartøy vert aktivt forvalta og drifta – og blir nytta som ressursar i ei berekraftig samfunnsutvikling. Tilskotsordninga skal bidra til at fartøya vert tekne vare på, stimulere frivillige sin kompetanse og innsats i verdiskaping lokalt og regionalt.

Kven kan søkje?

Målgruppa for ordninga er dei som eig og forvaltar større, flytande kulturminne i Vestland:

  • Kommunar, foreiningar, stiftingar, andre samanslutningar og private kan søkje.
  • Aksjeselskap som får driftsstønad må vere ideelle, det vil seie at eigarane ikkje kan ta utbyte frå selskapet.

Kommunar som sjølv gjev tilskot til verna eller freda fartøy, og ynskjer å delta i SAVOS-ordninga, kan sende eigne søknader til fylkeskommunen, med søknadsfrist 1. november.

Kva fartøy kan få støtte?

Fartøyet må

  • ha status som verna fartøy eller som er freda av Riksantikvaren
  • ha heimeadresse i Vestland. Vi kan etter nærare vurdering vike frå dette kravet dersom fartøyet har størsteparten av seglingstida si i fylket.

Vi gir ikkje støtte til fartøy som staten eller fylkeskommunen eig.

Definisjonar

Freda fartøy

Med freda fartøy meiner vi fartøy som er freda etter kulturminnelova § 14a.

Verna fartøy

Med verna fartøy meiner vi fartøy som er tildelt status som verna etter søknad og særskilt avtale med Riksantikvaren.

Kva tiltak kan få støtte?

Vi kan gje tilskot til

  • dekking av naudsynte driftskostnader til fartøyet som kulturminne. Det kan vere til dømes utgifter i samband med periodisk ettersyn, service av maskineri og teknisk utstyr, brannsikring av kulturminnet.
  • sikring av naudsynt forbruksmateriell og reservedelar til fartøyet. Det kan vere til dømes propelldelar, motordelar og anna utstyr som er vanskeleg å få tak i, eller som er gått ut av produksjon.
  • utgifter til planlegging og kompetanseheving, som utarbeiding av FDV-planar og kursavgift for frivillige
  • sikring av kompetanseoverføring ved dokumentasjon, bevaring og formidling av immateriell kulturarv knytt til handlingsboren kunnskap om drifta av fartøyet
  • utgifter knytt til tiltak retta mot reduksjon av klimagassutslepp (t.d. redusert fart, endra operasjonsområde, betre avfallshandtering, bruk av berekraftige material og produkt, landstraum)
  • tiltak knytt til auka sosial berekraft og folkehelse, som til dømes arbeid med rekruttering, auka mangfald og tilgang for ulike brukargrupper

Vi gir ikkje tilskot til

  • tilrettelegging av den kommersielle drifta av fartøyet, så som kantineutstyr, suvenirsal, billettsal, arrangement eller annonsering/reklame m.m.

Minst halvparten av omsøkt tilskotssum må vere i tråd med dei statlege krava sette i forskrift om tilskudd til fartøyvern. Dette inneber at tilskot ikkje kan gjevast til

  • kostnader knytt til dugnadsinnsats
  • reise og opphald
  • sertifiseringsutgifter som ikkje kan definerast som antikvariske tiltak
  • administrative utgifter hos eigar
  • museumsdrift eller -verksemd

Vi gir heller ikkje faste årlege tilskot.