
Velkommen om bord på D/S Stord I. Skipet ligg til kai ved Shetlands-Larsens Brygge/Bryggen og har ope skip heile kvelden.
D/S Stord I er eit museumsskip som representerer ein stor rutebåtflåte frå tidsepoken frå 1880 – 1960. Foredrag: «Vågen – ei travel hamn for fjordabåtane» Kl. 19.00 og 20.00, blir det foredrag inne i 2. plass herresalong ved Harald Sætre. Eit tilbakeblikk på arbeidet med å ta vare på sentrale veteranferjer og fjordabåtar registrert i Bergen. Foredraget er berekna til ca. 30 min. «Studentersangforeningen i Bergen», stiller opp i kjent stil på dekket midtskips klokka 20.30 og dei lovar shanties og andre meir eller mindre maritimt relaterte songar. Kubansk musikk på veterandampskipet Stord I: Ein kvartett sett saman av røynde musikarar frå kjende band vil spela kubansk musikk tilsett ein liten dose jazz.