Bilfergen

  • Kjennings­signal: LFOU
  • Hjemmehavn: Ålesund, Møre og Romsdal
  • Bygget: 1921
  • Opprinnelig funksjon: Ferge
  • Lengde: 58'
  • Brutto­tonnasje: 34
  • Fredet: 2012

MS «Bilfergen» vart bygd av Johan T Nerhus i Ølve i Hardanger i 1921. Fartøyet var opphaveleg kontrahert som fiskekutter i 1919, men skroget vart av ymse grunnar overtatt av det nystifta A/S Aalesund Færgeselskap for å transportere bilar mellom Vestnes og Åndasnes. Båten vart fullført som «bil og passasjerferge», hadde innkøyring frå sida og kunne ta 3-4 bilar tverrskips .

«Bilfærgen», som ho vart døypt, var på 33 brt. 64 fot lang. Ho vart slept til Volda og fekk der innsett ein to takt 2 sylindra råoljemotor av typen Bolinder. Den gav ho ei fart på opptil 9 knop.

Møre Fylkes Ruteselskap overtok ferja i 1923. Dei to første somrane gjekk «Bilfærgen» mellom Geiranger og Hellesylt, før ho i 1925 ar attende i si opphavelege rute Vestnes-Åndalsnes-Vestnes tre dagar i veka i juli og august. I 1925 opna ho ferjesambandet Molde- Vestnes.

I 1934 vart ferja ombygd, slik at bilane kunne køyre om bord både akter og over baugen. Rorhuset vart plassert midtskips på eit båtdekk. Hekken vart kutta for å få større plass til innkøyring, og dekket vart lagt litt ut over skute-sida. Lengda vart dermed redusert til 58 fot, men ferja fekk no plass til 5 bilar. I 1942 vart styrehuset forlenga til bestikk/skipperlugar. Den siste større ombygginga vart gjort i 1954. Då vart m.a. styrehuset flytta ut på dekkshus/casing på styrbordsida, slik at gjennomkøyringshøgda for store bilar vart god nok.

Med eit avbrot i krigsåra 1940-45 då ho var rekvirert av Die Deutsche Kriegsmarine, Admiral Norwegen, var «Bilfergen» i teneste for MFR/MRF fram til 1960. Då vart ho seld til Sund kommune, seinare Øygarden og Sotra Rutelag L/L. Der gjekk ho i rute Steinsland -Toftarøy fram til brua kom i 1972.

Etter tre år i opplag, med kondemnering som eit aktuelt alternativ, overtok Søndeled Veteranskipsklub ved Risør «Bilfergen» i 1975. Klubben la ned mykje arbeid og mange pengar i å setje ferja i stand og føre ho tilbake til utsjånaden frå 1934/1942.

I tråd med Søndeled Veternskipsklubb sitt ynskje kjøpte MRF «Bilfergen» attende til heimfylket 1999. Ferja er klassifisert som verneverdig hos Riksantikvaren.

I tida fram til september 2006 var ferja i drift sommarhalvåret med turar og som restaurantbåt i Ålesund og Molde. Tidlegare tilsette i MRF og andre interesserte har stått for bemanning på turar og ved kai.

I 2005 vart det oppdaga råteskader i spantekonstruksjon i styrbord. Etter nærare undersøking vart det bestemt at ein stod framfor ein større reparasjon. Mellom 1999 og 2005 vart det utskifta dekksplank og midlertidig reparasjon av spantetoppar. Hardanger Fartøyvernsenter vart kontakta og i september 2006 gjekk båten til verftet i Norheimsund. Etter ein del riving viste det seg at sopp og råteskader var svært omfattande. Total istandsetting var naudsynt, og ein valde og ikkje bygge inn skada treverk, men skifte til nytt. Dette også i samråd med Riksantikvaren.

Istandsettinga skulle opprinneleg vere ferdig mai 2008, men etter stort arbeidspress ved verftet vart dette endra til våren 2009. Istandsetting vart gjort etter antikvariske prinsipp og i tråd med Riksantikvaren sin føresetnad. Kostnadene vart rekna til 5.1 mill kroner. Medan sluttrekning kom på 7,3 mill kroner. I dene perioden ytte Riksantikvaren tilskott på tilsaman 5,4 mill kroner. Den gamle båten vart fornya, men er likevel slik den var i 1934. Med den gamle motoren frå 1916 som gjev båten framfart er «Bilfergen» historisk sett på linje med både ei seglskute eller dampbåt. Eit levande dokument om sjøverts samferdsle i eit fjordfylke, og synleg teikn på mennesket sin måte der og nå sitt reisemål på.

I juni 2009 var båten attende i Ålesund og sin faste liggeplass ved Dronning Sonjas plass i Skansegata i Ålesund. Motoren vart ikkje overhalt ved HFS på grunn av manglande teknisk personell ved verftet. Båten kom seg likevel til Ålesund stort sett med eige hjelp, sjølv om det gjekk seint.

Frå publikum si side er det vist stor interesse for båt og motor. Det første fartøy som vart bygd for transport av bilar. Båten viser utviklinga, frå enkle løysingar fram til dagens moderne ferjer og fjordkryssing. «Bilfergen» ble fredet av Riksantikvaren i 2012.