MS HINDHOLMEN til Fjordsteam i Bergen

Brit Aanning Aarseth, leder av stiftelsen ms Hindholmen, forteller her om M/S HINDHOLMENs deltakelse og opplevelser under årests Fjordsteam i Bergen. Stor takk til Brit for dette flotte bidraget! All tekst og foto er ved Brit Aanning Aarseth:

MS HINDHOLMEN til kais ved fisketorget i Bergen

Hindholmen fekk ei fin plassering ved Fisketorget i Bergen

2. august 2018 sette Hindholmen kursen for Bergen og veteranbåt-festen i Vågen. Vi fekk den beste plassering like ved Fisketorget. Det var eit mylder av folk ombord kvar einaste dag til avgang søndag 5. august. Mange ville sjå den gamla skuta som feira sine 100 år i 2016. Og vi fortalde og viste rundt. Spesielt interessant er det å få besøk av eldre sjøfolk som har hatt sitt arbeid ombord i Hindholmen. Ein hordalending kom i følge med barn og barnebarn, han viste dei med stoltheit køya han låg i på sildefiske på 1950-talet. Å oppleve slike augneblink veg opp alt slitet og strevet det har vore å få skuta i den stand ho er i i dag. Og heile Vågen var fylt av verneverdige båtar, over 90 av alle slag.

Svelesteikarane og maskinist ved svelebordet

Nokre av svelsteikarane, frå venstre: Amanda Låbakk, Oscar Dimmen Bratli og Inger Anne Dimmen. Maskinist Bjarne Enerhaug likte seg ved svelebordet

Og under bakken var det svelesteiking, det gjekk unna, over 400 sveler vart det sagt av svelesteikarane Inger Anne Dimmen, Oscar Dimmen Bratli, Amanda Låbakk, Hans Ole Låbakk og Wenche Osnes Låbakk. Ein flott gjeng saman med det øvrige mannskapet skipper Leiv Øien, skipper Kjell Aasen, maskinist Leiv Bratli, maskinist Bjarne Enerhaug, matrosane Ingunn Moltu og Lars Hjorthaug og underteikna som guide og omvisar.

Turen til Bergen var meint som ein rein mannskapstur, ei påskjønning for mange dugnadstimar og som utøvande mannskap på fleire turar i sommar. Diverre passa ikkje tidspunktet for alle som har tatt sin tørn ombord i ms Hindholmen, alle skulle ha vore nemnt med namns nemning. Men nokre har i det siste tiåret  stått i fremste rekke for Hindholmens vel og virke, nemleg Kjell Barstad, Odd Runar Bjørndal, Karl Johan Barstad og Johan Slåttelid. Og nye turar ventar i neste veke, og framover.

Matros lager knuter

Matros Lars Hjorthaug fann alltid eit kvart å ta tak i

Eit anna viktig gjeremål ombord i ms Hindholmen er fagprøver som matrosar kan avlegge under utdanning. Dette i tråd med målsettinga for bruken av båten, sitat- »å halde ms Hindholmen verna for etterslekta, og med det bruke skipet i samsvar med tradisjonane, her under maritim opplæring». Fagprøvene gir òg kroner til kassa. Viktigaste inntekstskilda er likevel Riksantikvaren som har støtta Stiftinga ms Hindholmen heilt i frå starten i 1979, i tillegg til Kulturminnefondet, UNI stiftelsen, ulike sponsorar m.fl.

Ser at det vert lettare etterkvart å drive Hindholmen, fleire yngre sjøfolk syner interesse. Vi har ikkje fast mannskap, men hyrer inn dei som er heime frå fiskeri, offshore o.a. Båten er sertifisert for 60 passasjerar.

På turen heimover frå Bergen var vi innom Måløy og henta tauverk sponsa av Selstad AS, stor takk til dei. Vi gjekk og innom Florø og tok kvelden der.

Då vi dro frå Bergen fekk vi høyre at slepet av Roald Amundsen si polarskute Maud var under vegs frå Victoria Island i det canadiske arktis, der ho sokk i 1930. No kunne ho vere i sikte i farvatnet der Hindholmen var i. Med spaning sat vi på akterdekket og speida etter Maud. Eg gjorde meg nokre tankar. Tenk at Vartdalskuta Veslekari tilhøyrande reiarlaget ds Furenak as var bygt ved Christian Jensens båtbyggeri på Vollen i Asker i 1918 etter rester frå Maud. No har eldsjeler tatt grep og fått vraket av Maud til Noreg att. Tandberg Eiendom AS har kjøpt skuta for 1 dollar og vil setje ho i stand på Vollen i Asker kommune, der skuta i 1917 vart bygt. Eg ser meir og meir korleis historier og hendingar flettar seg inni kvarandre, at der er linkar frå det nære til det fjerne, som saman kan skape verdshistorie. Takk for turen kjære mannskap og takk til alle de andre som gjorde opphaldet i Bergen til ei minnerik oppleving.

Brit Aanning Aarseth/leiar i stiftinga ms Hindholmen
www.mshindholmen.no

 

Kommentarer er skrudd av.

Drevet med WordPress. Levert av WooThemes

Design Ingrid&Odd - Utviklet av Nettvendt