Mathilde

Kjennings­signal:LILK
Hjemmehavn:,
Bygget:1884
Opprinnelig
funksjon:
Lengde:73'
Brutto­tonnasje:70,8
Vernet år:1999
Hjemmeside:fartoyvern.no
Bilde av fartøyet Mathilde

Foto: Olav Bjørkum

Historikk

Jakt «Mathilde» blei bygd av Ole H. Nerhus på Ølve i Kvinnherad og sjøsett i 1884. Det nye fartøyet, eigd av Nerhus-familien, blei sett inn i den såkalla «nordlandsfarten» der ferdakarar kjøpte opp skrei i Lofoten og på Finnmarka. Fisken blei salta, tørka og sidan selt i Bergen og Kristiansund. I 1889 kjøpte eit partslag i Jondal jakta og dreiv henne vidare i same farten. I 1918 blei «Mathilde» selt nordover til Svolvær og herifrå vidare til Anders Jensen på Lunderøy på Helgeland. Jakta hadde sidan fleire ulike eigarar i Nordland før ho i 1938 blei selt til Erik Rolfsen i Kristiansund som m.a. nytta henne som lossement.

Det skal vera medan han var eigar at fartøyet vart rigga ned og fekk installert motor (50 hestar Wickmann). Etter å ha høyrt heime i Ålesund ein kort periode blei «Mathilde» i 1950 selt til Mosterhamn i Hordaland der ho fekk namnet «Kari Louise». I 1968 blei «Kari Louise» selt nordover att. Leif Andorsen i Svolvær, som no overtok, bygde nytt styrehus og installerte ei GM-maskin på 240 hestar. I 1977 blei fartøyet selt igjen, denne gangen til Per Angell frå Herøy på Helgeland. Etter at han avslutta i 1982 blei «Kari Louise» lagt ut for tvangssal og i 1984 kjøpt av den nystarta stiftinga Hardangerjakt i Norheimsund.

I åra 1984-89 blei «Mathilde» sett i stand og tilbakeført som seglfartøy. Sidan 1990 har ho gått i eit fast driftsopplegg som omfattar museumstokt, leirskule og medseglartokt.

«Mathilde» kan ta inntil 30 passasjerar.


Drevet med WordPress. Levert av WooThemes

Design Ingrid&Odd - Interaksjonsdesign Nytt Nettsted