Holvikejekta

Kjennings­signal:
Hjemmehavn:,
Bygget:1881
Opprinnelig
funksjon:
Lengde:20m
Brutto­tonnasje:
Vernet år:
Hjemmeside:nordfjord.museum.no
Bilde av fartøyet Holvikejekta

Foto: Petter Eide, Nordfjord Folkemuseum

Historikk

Holvikejekta var bygd i 1881 i Krånafjøra på Sandane i Gloppen. Jekta er 20 meter lang og 8,6 meter brei. Masta var 27,5 meter lang og råa 14 meter lang.

Storseglet vart opphaveleg heisa ved hjelp av ein firskoren talje, før jekta kring 1900 fekk eit krøppelspel. Framme på jekta er «pletten» der anker og ankerspel stod. Bak er «vengen», rommet der mannskapet budde med senger, bord og kokeomn. Over vengen er vengdekket, der styrmannen stod.

Holvikejekta vart finansiert og bygd som ei sameige mellom fire gardsbruk i Gloppen: Abrehamsbruket i Holvika, Jens-Ola bruket  på Austrheim, Martinbruket på Andenæs og Røssbruket på Eide. Brukarane var i 1881 Peder A. Holvik (f.1825), Ole J.Austrheim (f.1851), Reiel Andenæs (f.1844) og Lars O. Eide (f.1822). Dei fire bøndene leverte kvar sin fjerdepart av tømmeret og delte på utgiftene til arbeidsløn.

Det tok ca.10 veker å bygge Holvikejekta. Bygginga vart leia av brørne Jakob, Knut og Andreas Apalset. Arbeidsstokken var på ni mann: fire meistrar, fire handlangarar og ein smed. I tillegg til brørne Apalset kjenner vi namnet på tre: Jakob Antonson Hopland, Erik O.Berge og Ola Erikson Berge. Smeden var Elias Andenæs.

Holvikejekta vart brukt til å frakte ved og trelast til Bergen. To-tre turar til Bergen i løpet av eit år var vanlig og mannskapet bestod av fem-seks mann. I tillegg til famneved, var det vanleg å ha med material, nordfjordbåtar, tynneband, bastetau, never, tønner og skrin, heimevove tøy og andre heimelaga produkt til å selje i byen. Også levande dyr vart tekne med til Bergen. Slik last var alltid bestilt før levering, medan veden som var med, skulle seljast i byen i større eller mindre parti. Det var styrmannen si oppgåve å halde greie på oppgjeret både med kjøparar og leverandørar til kvar tur. Frå Bergen kunne jekta ta med fint mjøl, sukker, salt, slipesteiner, klær og takpanner.

Holvikejekta vart sett på land i 1906. Ho fekk ein annan skjebne enn dei mange som vart ombygde eller destruerte. Det nystarta Nordfjord Sogelag fatta interesse for jekta og kjøpte ho i 1909. Både masta, seglet, krøppelspelet og ankerkjettingen var imiodlertid selt før den tid. Då sogelaget skipa Nordfjord Folkemuseum i 1920 vart jekta den fyrste gjenstanden i samlinga.

Musea i Sogn og Fjordane er, saman med Gloppen kommune, no i ein prosess med å søke nasjonalt kulturbygg for å verne og formidle den einaste autentiske klinkebygde jekta i Noreg.


Drevet med WordPress. Levert av WooThemes

Design Ingrid&Odd - Utviklet av Nettvendt