Faun

Kjennings­signal:JXDF
Hjemmehavn:,
Bygget:1916
Opprinnelig
funksjon:
Lengde:16,2 m
Brutto­tonnasje:
Vernet år:1999
Hjemmeside:hardangerogvossmuseum.no
Bilde av fartøyet Faun

Foto: Jan M. Lillebø

Historikk

«Faun» blei bygd i 1916 ved Damsgaards Baatbyggeri og Motorforretning i Bergen. Verksemda var etablert og driven av ingeniøren August Moldestad som hadde utdanning frå England og på denne tid leverte ei rekkje store lystbåtar til bergensborgarane.

«Faun» blei kontrahert av Einar Michelsen, sonen til Noregs første statsminister Chr. Michelsen. Då Einar døydde i 1921 overtok faren som hadde båten i alle fall til 1924. Den som etterkvart overtok var ein ny bergensreiar, Jacob Kjøde. Han selte i 1946 båten til ein tredje bergensreiar, Eilert Lund, som m.a. skifta maskin og bygde styrehus over den opne styrecockpiten.

I 1955 selde han båten til Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) som brukte «Faun» som skyssbåt i samband med kraftutbygginga i Matrefjella. BKK selde i 1976 «Faun» til utflytta masfjordingar som tok båten med seg til Oslo der den i fleire år var i bruk som lystbåt. I 1982 overtok Trond Eide med siktemål om å tilbakeføra «Faun» til opphavleg utsjånad.

Eide innsåg etter kvart at prosjektet blei i største laget for ein privatperson og via Riksantikvaren fekk Hardanger Fartøyvernsenter tilbod om å overta. Senteret tok imot tilbodet og fekk i 1992 båten frakta til Hardanger. Først i 2001 kom arbeidet i gang og sidan denne tid er det arbeidd i fleire etappar.

Våren 2005 var «Faun» ferdig restaurert og tilbakeført til 1916-versjonen. Båten brukast i turistfart med inntil 12 passasjerar, og kan leigastfor lengre og kortare turar.


Drevet med WordPress. Levert av WooThemes

Design Ingrid&Odd - Interaksjonsdesign Nytt Nettsted