Tilskudd til drift!

Verna fartøy kan få tilskot til drift

Stord I

EIN MILLION KRONER:«Stord 1» er eitt av mange veteranskip som no kan få tilskot til drift og ikkje berre til restaurering.

NFF gjengir med glede og stor interesse denne meldingen i sin helhet:
– Hordaland er fylket i landet med flest verneverdige og freda fartøy. Det er viktig å ta vare på dei, seier Beate Husa, leiar i utval for kultur, idrett og regional utvikling. Utvalet har samrøystes vedteke å innføre ei ny tilskotsordning for drift av fartøya. 

For 2016 er ein million kroner avsett til den nye tilskotsordninga.

– Føremålet med den nye tilskotsordninga er å fremje kystkulturen som del av vår kulturarv og identitet, samt som kjelde for kunnskap, oppleving og verdiskaping, gjennom støtte til drift og forvaltning av større verna eller freda fartøy i Hordaland, seier Husa.

Først i landet

Hordaland er det første fylket i landet som innfører denne nye tilskotsordninga for verneverdige og freda fartøy. Fram til no har det vore høve til å søkje offentlege midlar til den verneverdige flåten, men hovudsakleg berre til restaurering.

– Pengane er meint som eit handslag til det friviljuge og vise at det offentlege verdset arbeidet som blir gjort på veteranflåten i fylket. Målet er å dekke delar av meirkostnadene den freda flåten har av kostnadar til drift og forvaltning, seier utvalsleiar Beate Husa.

Minst 20 passasjerar

Større fartøy med status som freda eller verneverdige kan søke om pengar etter den nye tilskotsordninga. Det er eit krav at skipet anten må vere over 100 bruttoregistertonn eller tek minst 20 passasjerar. Dette er dels for å gjere ordninga meir spissa mot der trongen er størst. Større fartøy har òg gjennomgåande høgare driftsutgifter, samstundes som det særleg er desse som går med passasjerar og på det viset når ut til ålmenta i størst grad.

Det er opna for at fartøy som ikkje høyrer heime i Hordaland, men som har størsteparten av seglingstida si her, og slik kjem fylket til gode, kan få støtte.

Søknadsfrist 1. november

Tilskotet på ein million kroner er finansiert med ein halv million kroner frå Riksantikvaren og ein halv million fylkeskommunale kroner.

Tilskotsordninga blir kunngjort i pressa og på nettsidene til Hordaland fylkeskommune. Søknadsfrist blir 1. november.

Her kan du lese informasjonen originalt.

Kommentarer er skrudd av.

Drevet med WordPress. Levert av WooThemes

Design Ingrid&Odd - Interaksjonsdesign Nytt Nettsted