MS «Solundir» under restaurering

Veteranbåtlaget Atløy overtok MS «Solundir» i mai 2015, og gav den namnet «Gamle Solundir».

Veteranbåtlaget Atløy overtok MS «Solundir» i mai 2015, og gav den namnet «Gamle Solundir».

– Med midlar frå Riksantikvaren er den tidlegare snøggbåten kjend under namnet MS «Soundir» henta heim til fjordfylket for restaurering.

Båten gjekk i si tid i rute mellom Solund og Bergen inntil den vart ein del av Nordfjordruta. Seinare gjekk den fleire år i turistrute i Trondheimsfjorden, før den etter kvart vart liggande i opplag.

Verna av Riksantikvaren

Etter at Riksantikvaren verna båten er den no komen tilbake til fjordfylket.

Med midlar frå Riksantikvaren ligg den hos Dåfjorden Slipp i Sagvåg, som har restaurering av veteranbåtar som sin spesialitet.

For tida er det Veteranbåtlaget Atløy (Atløys vener) som står som mellombels eigar av båten, og har døypt den om til «Gamle Solundir ». Foreininga vart stifta i Florø i 1995 med føremål å restaurere, drifte og vedlikehald av veteranmotorbåten MS «Atløy» frå 1931.

Meir enn 200 eldre norske fartøy har vernestatus gjennom frivillige avtalar med Riksantikvaren, medan 14 fartøy er freda.

Når det gjeld fartøyvern er det staten sitt ansvar å ta vare på eit antal fartøy som er representative for den norske kulturhistoria. Gjennom bevaringsprogrammet
gir Riksantikvaren økonomiske bidrag til antikvarisk istandsettjing og vedlikehald av fartøy, der dei som er freda har høgast prioritet.

PassasjerbåtenMS "Solundir" vart bygd i 1972

PassasjerbåtenMS «Solundir» vart bygd i 1972

Fått att skrogfargen

«Gamle Solundir» har under restaureringa fått att den gamle skrogfargen frå den tida då den tilhøyrde Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Den har også dei opphavlege maskinane, i tillegg til mykje av interiøret som mange vil hugse frå den var i bruk.

MS «Solundir» er ein passasjerbåt som vart bygd for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i 1972. Den gjekk i lokalrute mellom Bergen og ytre Sogn fram til 1990. Då vart den selt til Trondheim, og fekk namnet «Fjord Viking».

I mars 2015 vart båten mellombels freda av Riksantikvaren, og i mai same år vart den teke over av Veteranbåtlaget Atløy som altså gav den namnet «Gamle Solundir» Dei fortel at dei har eit ynske om å selje «Gamle Solundir» til ein varig eigar, som kan ta godt vare på den vidare.  (Begge foto er henta frå Fjordsteam si facebook-side) MS «Solundir» under restaurering.

Takk til journalist Anne Lene Hansen og  Ytre Sogn Avis for lån av artikkel. Vil du bli bedre kjent med Ytre Sogn Avis, klikker du her.

, , , , , , , , , ,

Kommentarer er skrudd av.

Drevet med WordPress. Levert av WooThemes

Design Ingrid&Odd - Interaksjonsdesign Nytt Nettsted