MS «Atløy» sin fremtid engasjerer

Flere innlegg rundt fremtidig drift av MS «Atløy» har fått mye oppmerksomhet i pressen på Vestlandet. Dette viser at disse flotte, flytende kulturminnene engasjerer.  Vi sakser fra siste innlegg i saken, hentet fra Firdaposten den 18.august, der Sjøfartsdirektoratets rolle for fremtidens fartøyvern blir behørig kommentert. Arve Olav Solbakken intervjuer Sander Ødelien, styreleder i «Atløy»

MS "Atløy" Foto: Tore Sætre

MS «Atløy» Foto: Tore Sætre

«Drift av veteranskip

Førre redaksjonelle sak i Firdaposten om framtidig drift av M/S «Atløy» henta informasjon frå eit intervju i NRK for eit par veker sidan. Det kan i artikkelen verke som det skulle være bortfall av støtte frå fylkekommunen som skulle være grunn til ein mogeleg driftstopp for veteranskipet til neste år.
– Dette er ikkje rett. Vi klarer sjølve å jobbe inn ein million via drifta. I tillegg kjem restaurering med støtte frå Riksantikvaren. Fartøyvernmidlane vi har fått frå fylket siste åra har vore symbolske, nærast som eit offentleg klapp på skuldra. Det har vorte oppfatta som ei anerkjenning av dei om lag 15.000 timane dugnad vi legg ned årleg, seier leiar for Veteranskipslaget Atløy, Sander Ødelien.

 

Leif Kvalvik er ein av dei som har bidrege mykje på "Atløy". (Foto: Dag Frøyen)

Leif Kvalvik Foto: Dag Frøyen

Dersom det vert stans frå neste år har dette med nye krav til fartstid og dyre kurs for å oppretthalde mannskapa sine sertifikat å gjere.

Leif Kvalvik er ein av dei som har bidrege mykje på «Atløy». Nye krav gjer at det vil koste 80.000 å sertifisere kvar dugnadsarbeidar som Leif Kvalvik på veteranskipet

Passasjerskipsdirektivet skal reviderast, og slik det ser ut no kan det sjå ut må ein fornye alle sertifikat kvart femte år. Kostnad på dette er rekna til om lag 80.000,-/person. – Få av våre pensjonerte sjøfolk ønsker å forplikte seg på grunn av den høge summen, understrekar han.

Sjøfartsdirektoratet kan gje unntak

Sjøfartsdirektoratet kan gje unntak frå dette internasjonale direktivet (Manillakonvensjonen som erstattar STCW95) for t.d veteranfartøy via nasjonale forskrifter t.o.m. fartsområde 4. Til no ser det ikkje ut til at det er vilje til ei slik forskrift. Dette vil/kan føre til at i alle fall alle veteranpassasjerskip, kanskje heile veteranflåten, går i opplag. Dette vil raskt gå utover den tekniske tilstanden til fartøya. Både Riksantikvar og Norsk Forening for Fartøyvern (NFF) arbeider med saka mot Sjøfartsdirektoratet. NFF har også arbeidd i fleire år mot IMO via European Maritime Herritage.

– Få av våre pensjonerte sjøfolk ønsker å forplikte seg på grunn av den høge summen til sertifisering.
– Dette kan gå bra, men det ser ikkje slik ut. Utan drift fell inntektene våre vekk, og vi vil nok i høgste grad verte avhengig av hjelp for å halde kulturminnet «Atløy» i stand. Det vil heller ikkje verte lett å halde motivasjonen oppe hos dei frivillige, og slik vil kostnadane auke enno meir.»

Av ARVE OLAV SOLBAKKEN
Publisert:18. august 2016, kl. 11:46

Vil du lese artikkelen originalt i Firdaposten, klikker du her

, , , , , , ,

Kommentarer er skrudd av.

Drevet med WordPress. Levert av WooThemes

Design Ingrid&Odd - Interaksjonsdesign Nytt Nettsted