Reipslager Ingunn Undrum mottok Kulturminnefondets stipend

Kulturminnefondet deler årleg ut eit handverksstipend på 50 000,- . Stipendet går til ein ung, lovande og engasjert handverkar, som har utdanna seg innan eit tradisjonelt handverksfag, og som har vist evne til å jobbe målretta for faget. Ingunn Undrum fekk denne prisen no i 2016.

På den fine plakaten som følgjer stipendet står det at ho får sitt stipend «for hennar store innsats med å holde levande reipslagerfaget som eit verneverdig tradisjonshandverk.» Kandidatane til prisen vert føreslått av ressurspersonar knytt til handverksfaga. Ingunn vart nominert av Jon Godal og Else Rønnevig, «Sprossa». Tildelinga vart gjort av styret i Norsk kulturminnefond.

Direktør for kulturminnefondet, Simen Bjørgen, overrekte stipendet 23.juni på Hardanger fartøyvernsenter. Me er stolte over reipslagar Ingunn Undrum, som har jobba for faget sidan ho starta som reipslagarlærling ved Hardanger fartøyvernsenter i 1998. Vi tykkjer tildelinga var vel fortent.

Kommentarer er skrudd av.

Drevet med WordPress. Levert av WooThemes

Design Ingrid&Odd - Interaksjonsdesign Nytt Nettsted