Verktøyseminar på Hardanger fartøyvernsenter

For sjette år på rad vert det i november arrangert maritimt verktøyseminar på Hardanger fartøyvernsenter. Seminaret vekslar mellom praktisk arbeid og foredrag, med både interne og eksterne lærekrefter.

I løpet av dei fyrste fem åra, har seminaret vore innom dei viktigaste verktøykategoriane, og difor vil seminaret i 2015 ha fokus på materialbruk innafor det maritime handverksfeltet.

I løpet av dei tre kursdagane, går me på skogen for å vurdera tre til ulike føremål, ta opp tema som uttak, saging, turking, emneval og treet sine eigenskapar. (Førebels program og meir informasjon finn du her)

Kommentarer er skrudd av.

Drevet med WordPress. Levert av WooThemes

Design Ingrid&Odd - Interaksjonsdesign Nytt Nettsted