Søk tilskot til freda og verneverdige fartøy i Hordaland

Hordaland fylkeskommune vil i 2015 fordele statlege og fylkeskommunale midlar til eigarar av freda og verneverdige bygningar og anlegg. I tillegg vert det fordelt midlar til tiltak i kulturlandskapet og til fartøyvern.

Alle eigarar av kulturminne, med unnatak av Staten og fylkeskommunen, kan søkje om midlar frå dei fylkeskommunale tilskotsordningane. Kommunar som har under arbeid ein kulturminneplan kan søkje. Kulturminneplanen bør vere vedteke innan utgangen av 2016.

Dersom søkjaren er ein organisasjon/institusjon, må søknaden fremjast av leiinga for organisasjonen/institusjonen.

Hovudføremålet for kulturminneforvaltninga er å hindre tap av kulturminne og kulturmiljø og ta vare på kulturminna som bruksressursar, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping.

Meir informasjon her

Kommentarer er skrudd av.

Drevet med WordPress. Levert av WooThemes

Design Ingrid&Odd - Interaksjonsdesign Nytt Nettsted