Bård Kolltveit på Stord Maritime Museum

Onsdag  5. november skipar Venelaget for Stord Maritime Museum til møte  der forfattar av HSD sine jubileumsbøker, Bård Kolltveit, vitjar Venelaget .  Han er mykje brukt som føredragshaldar i lyd og lag.

Tema denne kvelden er;  «Frå havkant til høgfjell. Ei reise i tid og rom med båt og buss gjennom Sunnhordland og Hardanger».

Bård Kolltveit har vore knytt til Norsk Sjøfartsmuseum i Oslo frå 1970 til 2007 som konservator, direktør og forskingsleiar. Han har skrive fleire bøker med tilknyting til norsk sjøfarts- og samferdslehistorie. Han kjem frå Hardanger, og er truleg best kjend i heimetraktene for bøkene som vart utgitt til HSD sitt 100- og 125-års jubileum, «Over fjord og fjell» og «I rute».  Møtestad er Stord Maritime Museum  sine lokale på  Nattrutekaien 5. nov kl. 18.00.

Kommentarer er skrudd av.

Drevet med WordPress. Levert av WooThemes

Design Ingrid&Odd - Interaksjonsdesign Nytt Nettsted